Trongt: Tveitsund bru er eitt av to område som uroar FAU ved Nissedal ungdomskule og Tveit skule. No har kommunen invitert dei på møte. Bildet er tatt i ein annan samanheng.
Elin Fjalestad
Sterkt uroa over trafikktryggleiken. – Sjokkerande og skremmande
Nissedal kommune inviterer FAU ved Nissedal ungdomskule og Tveit skule til møte om trafikktryggleiken. FAU ynskjer strakstiltak for å betre trafikktryggleiken langs skulevegen.
FAU, ved Tori Tveit, Hilde Holskar og Inge Holtan Saga, sendte 16. september eit brev til kommunen og Statens vegvesen med krav om strakstiltak for å betre trafikktryggleiken langs Rv41. Foreldra peikar på to problemområde, krysset Landvik-Sollivegen og Tveitsundbrua i Treungen sentrum.
I krysset ved Landvik er det mangelen på fotgjengarovergang som uroar foreldra, i tillegg til manglande avstigingssone ved Tveit skule. Dei viser til at rundkøyringa ved skulen berre er for skuleskyss, og at kommunen frårår av- og påstiging frå privatbilar.
– Dette fører med seg at busslommer langs Rv41 som må nyttast av privatbilar, med av- og påstiging i vegbane, heiter det i brevet.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP