Stoppar all undervising på universitetet
All campusbasert undervising på universitetet i sør-aust Noreg, som inkluderer Rauland, er avlyst fram til etter påske.
Avlysinga gjeld også obligatorisk undervisning, melder universitetet i ei pressemelding.
Frå måndag blir all undervising og rettleiing gjennomført digitalt. Dette gjeld fram til måndag 13. april. Ny vurdering blir gjort før påske. Dei studentane som ikkje har nett heime, kan bruke universitetet sine lokale.
Det blir arbeidd med å leggje til rette for digital eksamen.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP