Stør nybygg med 32 nye hybeleiningar på Rauland

Kunnskapsdepartementet melder torsdag at regjeringa gjev pengar til 1130 nye studentbustadar i Noreg. Eitt av tilskota på 10 438 400 kroner går til eit nybygg hos Raulandsakademiet.

Publisert Sist oppdatert

Store delar av budsjettet til studentane går til bustad, derfor vil regjeringa satse på å bygge fleire, melder kunnskapsdepartementet i eit presseskriv. Åtte studentsamskipnader får til saman 413 millionar til bygging av nye hybeleiningar til studentar. Studentsamskipnaden i Sør-Aust Noreg (SSN), ved prosjektet på Raulandsakademiet, er tildelt 10438 400 kroner til eit nybygg som skal huse 32 nye hybeleiningar.

– Å syte for at det finst god tilgang på trygge og rimelege bustader for studentar over heile landet, er noko av det viktigaste vi kan gjere for studentøkonomien. For dei fleste studentar er husleige den største enkeltutgifta. I år aukar me innsatsen særleg i Nord-Noreg, men også studentbustadprosjekt i sør, aust og vest får store tilskot denne gongen, seier forskings- og høgare utdanningsminister Ola Borten Moe.

15 byggeprosjekt, fordelt på åtte studentsamskipnader, får pengar. Samskipnadane søkte om tilskot til 1664 hybeleiningar. Regjeringa har valt å prioritere nye og lovande byggeprosjekt som kan startast opp i løpet av kort tid. Dermed er det 1130 hybeleiningar som får pengar i år.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS