Største oksane i Telemark blei skote i vest
Sist haust blei det skote fleire store elgoksar med mange taggar i Vinje. I Tokke blei det felt ei ku som var 19,5 år gamal. I heile Telemark blei det felt totalt 1671 elgar i 2019.
I ein rapport laga av Faun i Fyresdal kjem det fram mellom anna at det i fjor blei skote 1671 elgar av ein fellingskvote på 2429 dyr i Telemark. Fellingsprosenten blei 69. Uttaket fordelte seg på 534 kalvar (32 prosent), 694 oksar 1,5 år og eldre (41 prosent) og 443 kyr 1,5 år og eldre (27 prosent). Samla sett blei det felt éin elg per 6100 dekar teljande elgareal.
Det kom inn tenner frå 690 elgar på 2,5 år eller eldre i Telemark i 2019. Snittalderen for eldre kyr og oksar var høvevis 6,7 år og 5 år. I tillegg blei ein betydeleg andel ungdyr verifisert med eksakt alder.
Artikkelen held fram under annonsen.
Etter sist jakt har Faun berekna ein elgbestand på 7125 i Telemark, tilsvarande 0,7 elg per kvadratkilometer teljande areal. Det blir elles nemnt at det er knytt usikkerheit til berekningane av bestandar, og at dei som oftast blir noko underestimert.
Faun tilrår eit uttak på 2295 elgar i 2020, med mål om å oppnå ein svak reduksjon i bestanden. Etter haustens jakt er bestanden i Telemark estimert til om lag 6500, om føreslått uttak blir ein realitet.
Elgbestanden var på sitt høgaste etter jakta i 1998, om lag 12 700 dyr i Telemark. Under jakta året etter kom fellingsrekorden; 4764 elgar.
Gørrgamal
Talet på felte elg i kommunane i fjor varierte frå 4 i Porsgrunn til 172 i Notodden og Tinn. Fellingsprosenten varierte frå 20 i Porsgrunn til 84 i Tokke.
Gjennomsnittleg slaktevekt for kalv og ungdyr var på høvevis 55 og 111 kilo. Den eldste oksen blei felt i Bamble, og var 13,5 år. Eldste kua datt i Tokke – alderen sett til 19,5 år.
Snittalderen hos oksar varierte frå 3,9 år i Fyresdal til 8,5 år i Porsgrunn. For kyr kom den lågaste snittalderen i Tinn (5,5 år) og høgaste i Tokke (8,4 år).
Høgast slaktevekt i Telemark blei det på dyr i vest. I Vinje blei det skote ein åttetaggars okse på 189 kilo. Same vekta var det på ein okse i Nissedal, men den hadde 10 taggar. I Hjartdal ramla oksen med flest taggar (15) og vekta viste 231 kilo. I Vinje datt det 1 okse med 14 taggar, 1 med 13 og 2 med 12 taggar. Vektene var høvevis 270, 270, 228 og 253 kilo.
Det blei observert 1,6 ku per okse i Telemark i fjor.
Artikkelen held fram under annonsen.
«Dagens elgbestand generelt er mindre produktiv og i dårlegare hald som følgje av dårlegare miljøvilkår. Hovudfokuset i framtidig elgforvaltning i Telemark bør etter vårt syn vere å halde elgtettheita tilstrekkeleg låg, samtidig som ein tek sikte på å bygge opp ei stamme med tyngre dyr. Dette vil også virke konfliktdempande på andre samfunnsinteresser som trafikk og landbruk», skriv Faun på slutten av konklusjonen sin i rapporten.