Illustrasjonsbilde. Foto: Erik Johansen / NTB / NPK
Straumprisane skyt i vêret
Etter rekordlåge straumprisar i fjor, må vi no ut med det mangedoble for lys og varme.
Det er fleire årsaker til at straumprisane går opp, fortel NRK. Kaldt ver og lite nedbør er ein del av forklaringa, mein ikkje heile.
– Når det er kaldt, er det gjerne også mindre vind, som fører til lite vindkraftproduksjon både i Noreg og Europa. I Europa er også prisane på utsleppskvotar på sitt høgste, og det pressar straumprisane her heime opp, forklarer kommunikasjonsdirektør i kraftbørsen NordPool som reknar ut straumprisane time for time.
Går det som handelssjef i Sogn og Fjordane Energi, Bengt Jostein Haugnes, spår, vil den høge straumprisen likevel berre vera forbigåande.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP