Stubben: SSN overtok det nye studenthuset på Rauland, døypt Stubben, 6. desember. Huset er klart for å huse studentar frå nyttår av.

Stubben er klar på nyåret

6. desember fekk Studentsamskipnaden i Søraust-Noreg (SSN) nyklane til det nye studenthuset på Rauland av entreprenør Skorve AS.

Publisert Sist oppdatert

Dermed er Stubben, som bygget blir kalla, klart til å bli teke i bruk av studentane frå nyttår av.

– Me er veldig stolte av både dei nye studentbustadene på Rauland, som me opna tidlegare i år, og det nye flotte studenthuset. Dette er både moderne og berekraftige bygg, seier administrerande direktør i SSN, Hans Erik Stormoen, i ei pressemelding.

Studenthuset skal husa studentforeiningar, og det har eit stort festlokale som det på sikt vil vera mogleg for andre aktørar å nytta seg av. Både kommunen og SSN har bidrege til å få opp bygget.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS