Stridens kjerne: Denne vegsløyfa vart bygd i samband med oppfylling og utfylling av jordet ned mot Totak for snart fire år sidan, etter at tiltaket hadde blitt søkt om og gjeve løyve til av kommunen. No vil kommunen at eigarane leverer ein grunngjeven søknad om omdisponering av dyrka mark. Biletet er frå synfaring med dåverande planutval i august 2022.
Åshild Emma Solbjør
Sudbø-saka: Kommunen vil ha ein grunngjeven søknad om omdisponering av dyrka mark
– Det opphavelege vedtaket etter plan- og bygningslova av 8. januar 2020 er omfatta av manglande innhald og sakshandsamingsfeil, skriv plansjef i Vinje Gry Åsne Aksvik i eit brev til brørne Berget sin advokat. No vil ho at eigarane sender ein grunngjeven søknad om omdisponering av dyrka mark.
Saka om vegsløyfa på eit jorde på garden Sudbø i Arabygdi har vart i kring fire og eit halvt år. Eigarane, brørne Sondre og Olav Berget, søkte om «oppfylling, utfylling, jorde og veg» i desember 2019, noko dei fekk løyve til i januar 2020. Same året vart jordet fylt opp og ut, og vegsløyfa bygd.
Sommaren 2021 var kommunen på synfaring. Då fekk brørne Berget varsel om tvangsmulkt grunna frøtypen dei hadde sådd med på jordet med vegsløyfa.
Sommaren 2022 var kommunen igjen på synfaring. Då fekk brørne Berget varsel om at vegen var ulovleg og måtte fjernast. Årsaka var at vegen på dyrka mark ikkje var handsama etter jordlova.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP