Går du i surr i kva veg du skal stille klokka, er det greitt å vite at ho alltid skal skruast mot sommaren. Dermed må ho stillast ein time tilbake om hausten og éin time fram om våren.

Sundag får du ein time mindre med søvn

Natt til sundag blir klokka stilt fram ein time, og me går frå normaltid til sommartid.

Publisert Sist oppdatert

– Når me stiller klokka ein time fram, så mistar me ein time søvn, men me får ein time meir dagslys. Me går lysare tider i møte, seier næringsminister Cecilie Myrseth (Ap).

Som næringsminister er ho ansvarleg for Justervesenet, som sørgjer for at dei norske atomklokkene går rett, og at tida er så nøyaktig som mogleg.

Når me stiller klokka éin time fram «mistar» me timen mellom klokka 2 og 3 på natta. Denne timen «får me tilbake» til hausten når klokka igjen skal stillast tilbake til normaltid. I år skjer det natt til sundag 30. oktober.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS