Vil setje ny rekord: Klokka fem sundag morgon krålar Arkadiusz «Arek» Śmich i veg på Seljordsvatnet med mål om å motivere og inspirere barn og vaksne til å bli betre til å svømme. 13 timar seinare håpar han mange vil ta han i mot på stranda ved Seljord camping.

Sundag skal Arek gjere noko ingen andre har gjort før: – Det er mykje psykologi

For to år sidan svømte Arkadiusz «Arek» Śmich Seljordsvatnet på langs. Tidleg sundag morgon skal han slå sin eigen rekord med å doble svømmedistansen til 30 kilometer. Ein prestasjon truleg ingen har gjort i Seljord før.

Publisert Sist oppdatert

Før helga tok Arek det heilt roleg.

– Eg slappar av for det er viktig å lade opp til ein 13 timar lang svømmetur, seier han ivrig, men legg til at det har vore fire månadar med intens trening for å førebu seg til langdistanseturen denne helga.

– Eg har trena variert, både i svømmehallen, i Seljordsvatnet, eg har isbada i badekar slik at kroppen skal vere førebudd på at det blir kaldt, og eg har svømt rundt Eventyrøy når vatnet blir sloppe frå Sundsbarm, for då blir det mykje kaldare. Eg har også trena styrke og yoga, seier han.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS