Åmot sentrum: Planane for området mellom Fristadsenteret, som ein ser i bakgrunnen, og det nye handelshuset som er planlagt rett ved sidan av har skapt engasjement i Åmot. Fleire innspel i høyringa sette fokus på behovet for ein bilfri møteplass mellom dei to sentera. På biletet møter VTB to av dei som sende innspel, Alexander Stettin og Sigrid Vesaas.
Åshild Emma Solbjør
SV set handelssentrumet på dagsorden i kommunestyret
– Denne interpellasjonen har til intensjon å minne om dei klåre og viktige innbyggjarinnspela som kom inn i sommar, som samsvarer godt med kommuneplanen. Eg ynskjer også at kommunestyret får informasjon om kvar prosessen med nytt handelssentrum er akkurat no, og når det tidlegare varsla folkemøtet vil finne stad?
Spørsmåla vil bli stilt av Kjersti Kaasa (SV) i ein interpellasjon til kommunestyret i Vinje på deira møte komande torsdag.
I Åmot sentrum skal handelen samlast i nedre del av sentrum, medan offentlege tenester vert samla øvst. Dette inneber at verksemdene i Bratlandbygget i øvre del av sentrum vil flytte ned til eit nytt handelshus som skal byggast ved sidan av Fristadsenteret. I haust har planane for dette nye handelshuset skapt stort engasjement i bygda.
Fleire har engasjert seg for ein bilfri møteplass midt mellom dei to handelshusa, medan utbyggarane held fast på at dette arealet må nyttast til parkeringsplass.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP