Trolsk utsikt over Vinjevatn.

Svein Ove vil la nye generasjonar få oppleve stilla og naturen som omkransar Skjelvik

Berre eit forfalle våningshus står att på den vesle garden Skjelvik ved Vinjevatn. Her finst verken veg, straum eller innlagt vatn – men minne er det mange av.

– Skjelvik har vore ein del av oppveksten min, og eg har mange gode minne derifrå, fortel den utflytta særensgrendingen Svein Ove Hansli.

For nesten hundre år sidan kjøpte oldeforeldra hans den vesle garden ved Vinjevatn av Tarjei Vesaas. Det er ikkje den einaste kjendisen som har eigd Skjelvik, for det var her gull- og sylvsmeden Mikkel Mandt slo seg ned då han og kona Else flytta til Vinje for kring tre hundre år sidan

Den siste som dreiv Skjelvik i familien til Svein Ove var grandtanta hans, Margit, som hadde sauer og ein stor potetåker. Etter kvart flytta ho heim til bygda i Særensgrend, men ho heldt fram med drifta av Skjelvik til slutten av 70-talet. 

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS