Skulereglar
Trond Johnsen (Ap) meiner alle kan ta av hetta, capsen eller lua, og meiner det handlar om respekt og folkeskikk.
Tone Tveit
Synest ikkje det høyrer heime med caps på i verken klasserom eller kommunestyresal
Då formannskapet handsama ordensregelverk i skulen, blei hovudplagg og språkbruk mest debattert. Elevrådet vil gjerne behalde caps, lue og hetta på i skuletida. Det vil ikkje formannskapet tillate.
Dei lokale ordensreglane og permisjonsreglane for grunnskulen i Seljord kommune ligg til handsaming på politikarane sitt bord denne veka slik at dei blir tilpassa den nye opplæringslova. Utkast til dei nye reglane blei lagt ut til høyring i desember, og nye reglar blir gjeldande frå 20. mars når kommunestyret har gjort endeleg vedtak i saka.
Reglementet for orden og oppførsel gjeld for grunnskulen i Seljord kommune, og gjeld for elevane i skuletida, på skulen sitt område eller på skuleturar i regi av skulen. Reglementet gjeld også for det som skjer i det digitale rom som til dømes på undervisningssystema i skulen.
Ueinige
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP