Syr smitteverndrakter på dugnad
I Kviteseid skal 90 smitteverndrakter bli klare. Til nå har fire kvinner sydd om lag 25 drakter koordinert av Tone Syftestad og i godt samarbeid med Brit Kari Kyland Aase på Atelier Aase i Seljord.
Før korona-krisa arbeidde Tone Syftestad som lærar ved Kviteseid skule. Før påske arbeidde ho med å omdisponere folk i anna arbeid i kommunen, organisere heimkøyring av mat og ho fekk mellom anna på plass kundevertar på butikkane i samarbeid med Sanitetslaget før påskehandelen tok til for fullt.
– Så tok einingsleiar for heimetenestene, Elisabeth Riis, kontakt med meg og sa at det var eit ynskje frå kommunen å få tak i smitteverndrakter som ein kan kokevaske. Stoffet som blir bruka, mønsteret og korleis frakkane blir sydd er godkjent av kommunelegen, fortel Syftestad.
Artikkelen held fram under annonsen.
Kommuneoverlege i Kviteseid, Anne Ruth Syrtveit Mikalsen, seier til VTB at det tette bomullsstoffet som blir nytta er klarert for bruk inn mot pasientar der det er mistanke om smitte, og at kommunen til ei kvar tid jobbar med å få tak i meir smittevernutstyr.
Over heile landet er det starta fleire dugnadar der det blir sydd smittevernfrakkar, og i Kviteseid og Vrådal meldte det seg raskt fire kvinner som ville vere med å sy.
Takksam for Brit Kari
Syftestad fortel at det fyrst var tenkt at ein skulle handle stoff til draktene frå byen.
– Men det var klart me måtte bruke kunnskapen og den lokale næringa hos Brit Kari Kyland Aase på Atelier Aase i Seljord, seier Syftestad.
– Brit Kari er mentor for arbeidet med draktene, ho klipper klart mønsteret og kvinnene syr draktene ut frå ein mal, seier Syftestad.
– Aase har så mykje kunnskap, og me kan spørje om råd om det er noko teknisk me lurar på, seier Hanne Roholdt frå Vrådal som har sydd tre smitteverndrakter til nå.
– Ja, Brit Kari er ein super ressurs med unik erfaring, rosar Syftestad.
– Det var lenge å vente
Syftestad har i dag med seg fire kvinner som hjelper til med å sy drakter.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Det er lurt å ha ei symaskin med overlock, men Hanne nyttar fransk saum, fortel Syftestad.
– Kvifor valde du å bli med å sy drakter?
– Tone spurde om eg ville, og eg har jo tid. Og eg hadde akkurat overhala symaskina mi også, så det var godt å kome i gang. Tone la stoff til smitteverndrakter i garasjen før påske, men stoffet må ligge i karantene i 72 timar før eg kan ta det inn til meg for å sikre at det ikkje skal bringe smitte. Det var så lenge å vente, eg hadde lyst til å starte å sy på påskeeftan, smiler Roholdt.
VTB møter dei to kvinnene på gardsplassen i varm vårsol. Roholdt har pakka dei tre ferdigsydde smitteverndraktene i ein pose, og lagt dei klare for henting i garasjen til Syftestad.
– Så snart me får tak i meir stoff høyrer du frå meg att, då skal eg legge meir arbeid til deg i garasjen. Men hugs, du må vente 72 timar før du kan ta med stoffet inn og starte på arbeidet, smiler Syftestad.
Treng fleire som kan sy
Ho fortel at det er etterspurnad og vanskeleg å få tak i stoff til draktene sidan det er mange som syr over heile landet. Fyrst skulle dei eigentleg starte å sy med gult stoff, så vart det grønt.
– Eg synest denne fargen er fin eg, seier Roholdt.
Ho er glad for å vere med på den nasjonale dugnaden.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Viss det er fleire som har lyst til å vere med å sy smitteverndrakter kan dei ta kontakt med meg. Me skal sy 90 drakter totalt. Eg køyrer rundt med stoff og tråd, hentar og leverer. Når draktene er ferdige blir dei kokevaska og fordelt til dei ulike helseeiningane i kommunen og lagt på lager. Me veit ikkje om me kjem til å få bruk for draktene. Men skulle me få bruk for dei vil me ha dei klare, det er godt å vite, smiler dei to kvinnene.