Vil jobbe for eit godt initiativ: Ordførar i Seljord vil jobbe for at det kjem på plass ein mammografibuss til Øvre Telemark.
Tone Tveit
Tar initiativ til eit nytt tilbod for å styrke kvinnehelse
Dei åtte ordførarane i Vest-Telemark, Hjartdal og Tinn vil jobbe for at sjukehuset skal få på plass ein mammografibuss til Øvre Telemark.
Då Seljord-ordførar Solveig Sundbø Abrahamsen, fekk høyre om privatinitiativet ein innbyggjar tok opp med Tinn-ordførar Kathrine Haatvedt tidlegare i haust, tente også ho på ideen. Innspelet handla om å få tilbod om mammografi ut til grisgrendte strok i Telemark. Mammografibussen er ein buss med mellom anna røntgenrom som køyrer ut til distrikta.
Abrahamsen tok saka vidare til kollegaane i Vest-Telemarkrådet, og dei støtta også initiativet fullt ut. Det same gjorde Hjartdal-ordførar Bengt Halvard Odden.
– Nå vil me åtte kommunane jobbe saman for at mammografibussen, som alt er eit eksisterande tilbod i fleire andre fylke i Noreg, skal kome til alle kommunane i Vest-Telemark, Hjartdal og Tinn også, seier Seljord-ordføraren.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP