Ny eigar: Stein Rønningen i Kviteseid Transportservice tok over Tele Tur AS tidlegare denne månaden.

Tek over tidlegare kunde

Etter å ha vore hovudleverandør for busstransport til Tele Tur AS i ti år, har Kviteseid Transportservice no teke over eigarposten i Drangedals-skipnaden.

Publisert Sist oppdatert

Sidan Stein Rønningen starta opp Kviteseid Transportservice AS i 1999 har skipnaden utvida seg frå tømmerbil til busskøyring, og dei siste ti åra har dei vore hovudleverandør for busstransport for den Drangedalsbaserte skipnaden Tele Tur AS. Frå og med 1. februar i år blei banda mellom dei to selskapa endå tettare, då Kviteseid Transportservice tok over eigarposten i Tele Tur frå Drangedal Bilruter AS.

– Det starta med at dei tidlegare eigarane ville selje Tele Tur, mot mi vilje. Difor bestemte eg meg for å leggje inn eit bod, som vart godtatt, forklarar Rønningen.

Han seier overtakinga vil ha lite å seie på drifta.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS