Tre generasjonar - broderi gjennom 100 år: Kviteseid husflidslag held broderi- og tekstilutstilling i Galleri Samvirke i Vrådal der Hanne Roholdt viser private broderte gjenstandar som ho, mor og mormor har laga.

Tekstilar frå flittige hender i over hundre år

– Me vil gjerne vere med og løfte verdien av gamle gjenstandar, fortelje historia kring dei og gjere andre bevisste på kor verdifullt det er å ta vare på det som var, seier Hanne Roholdt og Anlaug Kråkenes frå Kviteseid husflidslag, som denne helga opnar ny utstilling i Vrådal.

I det same året som Kviteseid husflidslag fyller 40 år opnar dei utstillinga «Tre generasjonar – broderi gjennom 100 år» – i godt samarbeid og i lokala til Galleri Samvirke i Vrådal sentrum.

Laurdag opnar dørene, som vil halde ope fredag til sundag fram til 26. september. Då VTB var innom tidlegare i veka var initiativtakarane Hanne Roholdt og Anlaug Kråkenes i gang med siste finpuss av utstillinga som viser ein rikdom av tekstilar, teknikkar, minner og tidsbilete mange av oss kan kjenne att. Her kan ein finne over hundre gjenstandar med alt frå dei vakraste, bitte små nupereller og imponerande hardangersaum til 1970-talets massive og fargesterke klostersaum.

Artikkelen held fram under annonsen.

– På den eine veggen presenterer me faktisk gjenstandar der det totalt er bruka 25 ulike sting, fortel dei to kvinnene, som legg til at dei har fått god hjelp av fleire til å få utstillinga på plass.

– Kviteseid historielag og kommunen har også støtta oss, skyt Roholdt inn.

Ein tekstil lokkar fram minner

– Når eg tar på meg dette forkledet til mi mor går tankane tilbake til tida som liten. Eg minnest ho tok forkledet ned frå kjøkkendøra og starta å lage middag på ettermiddagen før far kom heim. Ho bruka dette kvar dag. Eg hugsar luktene på kjøkkenet og kor vakker sommarfuglen som er brodert på forkledet var, fortel Hanne, medan ho knyt på seg forkledet og viser fram fleire vakre pyntehandkle som er hengt på veggen.

Hanne er oppteken av å ta vare på, akkurat slik både mormor og mor var.

– Eg håpar denne utstillinga kan få andre også til å sjå verdien av å ta vare på det som tidlegare generasjonar laga, ta vare på alt det vakre som blei skapt, seier Hanne, som på mange måtar er grunnen til at utstillinga kom på plass.

Hanne starta for nokre år sidan å rydde i det gamle, det ho hadde etter mor og mormor i ei gamal kiste.

– Eg tenkte mykje på kor flott eg synest det var at mi mor hadde tatt vare på det mormor laga, og kor viktig dette hadde blitt for meg også. Slik blei ideen om å lage ei utstilling også skapt, og eg håpar den kan vere med på å inspirere andre, seier Roholdt.

Til kvardags og fint

– Når ein tenker broderi, tenker kanskje mange på bunadar. Men broderi er så mykje meir enn bunadar. Før var dei fleste bruksgjenstandar brodert og pynta på, som desse pyntehandklea, seier Hanne, og viser fleire eksemplar.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dei kan få fram minne, og ein kan kjenne på tilhøyre. Eg meiner det er viktig at alle lærer og blir meir bevisst på det som var, seier ho.

Tidene endrar seg, slik ein også ser gjennom utstillinga, og i dag er det nok ikkje så mange som har broderte monogram på sengetøyet.

– Nå er det ein trend at alt det gamle hamnar på bruktmarknad, at ein redesignar gamle tekstilar. Det er fint det, men me håpar at me kan gjere nokon bevisste på at det å ta vare på også er viktig, seier Kråkenes.

Flinke med hendene

Dei tre kvinnene som har laga gjenstandane som er stilt ut er Hanne Julie Gåsø Pedersen som blei fødd i Arendal i 1942 og voks opp i barndomsheimen til mor Martha Paulsen, fødd i 1905, i Grimstad. Hanne voks også opp i same hus saman med mormor Hanne Åsine Rasmussen som var fødd i 1872 i Grimstad.

Hanne møtte vrådølen Leif Roholdt, og dei gifta seg i 1966. Alle dei tre kvinnene hadde og har ei svært stor interesse for tekstilar, teknikkar og det å ta vare på denne kunnskapen.

– Broderia til mormor viser at ho var glad i å lage vakre brukstekstilar til heimen. Tekstilane ho nytta seier mykje om motar, fargar, mønster og materiale frå tidleg 1900-tal. Det seier også noko om tolmod og kunnskap – og ikkje minst om det å ta vare på det ein verdset. Fleire av brikkene og dukane var bruka mykje, men er stoppa og reparert for å kunne bli bruka lengre, seier Roholdt som voks opp i ein heim der broderia var synlege.

Arbeida frå kvar generasjon viser utviklinga frå dei fyrste stinga til meir avanserte broderi. Frå 1930-talet viser Hanne mellom anna fram joleduken til mor.

– Ho var ikkje så glad i nissar, så duken har jolerosa som dekor i tillegg til snøkrystallar, fortel Roholdt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Temakveldar og ha med eigne skattar

Utstillinga vil ha faste opningstider fredag til sundag dei neste vekene, men Roholdt og Kråkenes fortel at dei gjerne tar i mot besøk på andre dagar også dersom nokon skulle vere interessert i det.

– Me skal ha eit samarbeid med Kviteseid skule. Elevar skal kome opp for å sjå og bli inspirerte av utstillinga. Så skal representantar frå husflidslaget ned på skulen og jobbe med broderi-sting, nål og tråd saman med elevane, seier Kråkenes.

– Me vil også halde temakveldar der husflidskonsulentane frå Telemark og Viken blir med oss. Vidare skal me ha besøk av bebuarane på Midtsundtoppen slik at dei kan få fram minne og opplevingar. Ein laurdag skal me ha open registreringsdag der besøkande kan ta med eigne gjenstandar der me kan sjå på teknikkar og materiale, seier Roholdt.

Ho fortel at dei også legg til rette for litt tekstilarbeid for barn, unge og vaksne inne på galleriet når utstillinga er open.

Gåve til far: I utstillinga har Hanne Roholdt med denne brikka ho broderte i gåve til far sin då ho var 6 år.
Tre generasjonar - broderi gjennom 100 år: Under tittelen på utstillinga og presentasjon av dei tre generasjonane kan ein lese sitatet som fylkesordførar Terje Riis Johansen sa då Telemark og Vestfold blei slått saman. – Eg synest sitatet passa så fint til denne utstillinga også, seier Hanne Roholdt.
Ulike tidsepokar og stilar: Ein kan sjå private broderte gjenstandar som dei tre generasjonane har laga. Her kjem ulikskapar i både fargeuttrykk, teknikkar og tekstilar fram. Bordet er dekt med porselensservise som Hannes bestefar kjøpte på Sicilia på same tid som mormor broderte den fargerike duken.
Samlar i ein perm: Hanne Roholdt tar bilde og lagar gode beskrivingar av alle dei ulike tekstilane ho har arva og lagar sjølv.
Sparesaum: Garnet var dyrt, så det var viktig at broderiet blei fint på framsida. På baksida kunne ein spare garn med å nytte bitte små sting.