Høg vannstand: Tysdag 28. juli stengte Telemarkskanalen for fritidsbåtar på grunn av for høg vassføring.
Tone Tveit
Telemarkskanalen stengt for fritidsbåtar tysdag
– Får håpe at vår Herre er grei og sakkar av på nedbøren, seier dagleg leiar i Telemarkskanalen, Svein Arntzen. Tysdag vart slusing av fritidsbåtar stengt mellom Ulefoss og Hogga på grunn av høg vassføring.
Tysdag morgon melde Telemarkskanalen at det er mellombels stengt for fritidsbåtar mellom Ulefoss og Hogga, og at det difor ikkje et høve for andre enn kanalbåtane MS Victoria og MS Henrik Ibsen å passere slusene.
– Det er svært stor vassføring i Telemarkskanalen, Bandak er fullt, magasina er fulle og for å ivareta tryggleiken har me bestemt å stoppe slusing av fritidsbåt fram til situasjonen betrar seg, seier Arntzen.
Han seier at dei har ein regel om å stoppe slusing av fritidsbåtar når vassføringa kjem over 200 m3/s.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP