Åtvarar: Administrerande direktør i Telenor Noreg, Birgitte Engebretsen, åtvarar mot svindelforsøka, og seier det er godt organiserte kriminelle nettverk som står bak.
Telenor Noreg
Telenor: 9 av 10 vart freista svindla i fjerde kvartal i 2023
I ei landsdekkjande spørjeundersøking gjennomført for Telenor, svarer nesten 90 prosent at dei fekk svindelmelding i løpet av det siste kvartalet i fjor.
– Tala viser kor viktig det er å ta sin eigen digitale tryggleik på alvor. Er du på nett, er du også utsett. Dei som driv med denne typen nettkriminalitet, er godt organiserte kriminelle nettverk som har kompetanse og ressursar til å gjennomføre sofistikerte angrep i stor skala. Utan naudsynt ekspertise og teknologi er det vanskeleg å verna seg sjølv, seier administrerande direktør Birgitte Engebretsen i Telenor Noreg.
Kvart kvartal deler Telenor tryggingsstatistikk og innsikt frå tryggingsmiljøet sitt.
Statistikken for fjerde kvartal viser tydeleg at dei siste månadene i år er høgsesong for nettkriminalitet og svindel. Selskapet skriv at tryggingsfiltera deira sørgde for 293 millionar blokkeringar på nett. Dette er ein auke på nesten 30 prosent samanlikna med kvartalet før.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP