Tellef Wiik var tretten år då krigsfangane kom til Fjone i 1944. Og han hugsar det godt. – Det gjorde veldig inntrykk på ein trettenåring, seier han.
Elin Fjalestad
Tellef hugsar godt då krigsfangane kom til Fjone. – Det gjorde veldig inntrykk på ein trettenåring
I 1944 vart Fjone skule omgjort til krigsfangeleir for 140 sovjetiske krigsfangar. Og for ungane på Fjone, som ikkje hadde merka så mykje til krigen, gjorde dette sterkt inntrykk.
Tellef Wiik var tretten år da det kom russiske krigsfangar til Fjone. Og han hugsar det godt. – Eg var med far min på bua denne dagen, fortel han.
På denne tida var det ikkje veg til Fjone. Fangane kom over fjorden med ferja som la til ved butikken på Fjone, der Tellef var å handla.
Dette var i 1944. Krigen hadde vara i fire år. Dei vaksne hadde nok sine bekymringar, men ungane på Fjone hadde ikkje merka så mykje til krigshandlingar før tyskarane tok skulebygget deira og gjorde det om til ein krigsfangeleir. På utsida vart det sett opp eit dobbelt høgt piggtrådgjerde, og inne i bygget vart det snikra hyller der fangane skulle sove og opphalde seg.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP