Tente over ein kvart milliard på kraft
Kring 35 prosent av kommunen sine samla inntekter på dryge 800 millionar kroner i løpet av 2022 var «kraftrelaterte».
Formannskapet i Vinje blir torsdag lagt føre kraftnotat for 2023. Notatet viser at kommunen tente over ein kvart milliard kroner – 285 millionar – på aktivitetar relatert til kraft i løpet av fjoråret. Utbytet frå VTK, i 2022 på 6,27 millionar, er ikkje inkludert som dette i rådmannens oversikt, i så fall ville totalen blitt på kring 291 millionar kroner.
Dette utgjer om lag 35 prosent av dei totale inntektene til kommunen i fjor, som var på 818,3 millionar kroner.
Naturleg nok er det sal av konsesjonskraft som står for brorparten av dei kraftrelaterte inntektene, med dryge 110 millionar kroner. Kommunen drog inn kring 54 millionar i eigedomskatt og 39 millionar i skatt på inntekt eller formue frå dei kring 30 kraftannlegga dei får konsesjonskraft, skatteinntekter og konsesjonsavgift frå. Dei samla inntektene frå konsesjonsavgifta var på knappe 29 millionar kroner.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP