Nytt liv: Sissel og Tormod Felle har sytt for nytt liv i lokalet der det var butikkdrift fram til seinhaustes 2022.
Geir Ufs
Tilbyr sjølvbetent kaffikrok: – Me synest ein mørk butikk er eit trist syn
Butikken på Felle i Nissedal kommune blei lagt ned sist november. Nå ynskjer eit par i bygda å skape nytt liv i delar av lokalet ved å ha sjølvbetent kaffikrok.
Sissel og Tormod Felle har søkt Nissedal kommune om økonomisk støtte til eit tilbod i ein del av bygget der det var nærbutikk. Innleiingsvis skriv paret at det blei veldig trist for folk som bur på Felle at butikken blei lagt ned.
– Me synest ein mørk butikk er eit trist syn. Derfor har me bestemt oss for å prøve å opne ein del av bygget til ein samlingsplass for både bygdefolk og hyttefolk. Me har kalla denne plassen for Kaffikroken, der ein får litt å bite i og kaffi og brus om ein ynskjer det, skriv Sissel og Tormod Felle.
Det skal vere open dør til den nye tilbodet nokre timar onsdagar, fredagar og laurdagar. Vidare blir opningstider og tal dagar utvida i slutten av mars, blir det orientert om i søknaden.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP