Bukk og simle: Hardangervidda villreinutval tilrår å felle mange bukkar, og har eit ønske om at det blir skote opptil 1000 simler til hausten. Det med tanke på auka kunnskap om eventuell skrantesjuke.
Privat
Tilrår fellingskvote på 8000 rein – mål om å ta ut mange bukkar
Hardangervidda villreinutval har ute på høyring forslag til fellingskvote på rein i perioden 10. august–7. oktober. Eit viktig mål er å få delen bukk 3,5 år og eldre ned mot 0–3 prosent av bestanden etter jakt. Funn av skrantesjuke på vidda sist haust er årsaka til målet – å avgrense og om mogleg utrydde sjuken.
8000 reinskort til hausten er forslaget til villreinutvalet. 50 prosent er valfritt dyr, og resten vaksen bukk 2,5 år og eldre. Éin ekstra kalv er inkludert i kvart kort.
Korttypen vaksen bukk 2,5 år og eldre blir omgjort til valfritt dyr frå måndag 6. september.
Ordinær jakt blir utvida, slik at det kan bli felt rein (særleg med tanke på bukkar er det tidleg jaktstart) alt frå 10. august og til og med 7. oktober.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP