Tiltalt for promillekøyring

Ein mann frå Rogaland må møte i Telemark tingrett etter ein biltur i Seljord.

Ein mann i slutten av tenåra er tiltalt for promillekøyring, og må møte i Telemark tingrett seinare i vinter. Ifølge tiltala køyrde mannen frå Rogaland bil på laurdagskvelden, helga det var Dyrsku'n i bygda. Prøvene som vart tatt viste at han hadde 1,14 i promille.