Tjuveri: Tokke Røde Kors får panten frå tomgodset som blir samla inn i konteinarar fleire stader i Tokke og Vinje kommune, men opplever stadig at nokon har stole panten. Her er godt maskerte pantetjuvar fanga på eit overvakingskamera på Rauland.
Skjermdump frå Renovest sitt overvakingskamera
Tjuvane parkerer bilen eit stykke unna returpunktet, kler seg i mørke klede, og har hettegenser og caps så dei ikkje skal bli kjent att.
Når karane frå det kommunale og tilrettelagde arbeidstilbodet Babu på Dalen kjem for å samle inn panten, opplever dei å kome til tomme returpunkt.
Tokke Røde Kors har eit samarbeid med Babu på Dalen om å samle inn pant frå over 20 returpunkt i Vinje og Tokke. Dette er viktige driftsinntekter for hjelpekorpset. Men den siste tida har dei opplevd å kome til tomme returpunkt.
– Me ser på overvakingskamera at folk stel panten vår, seier operativ leiar i Tokke Røde Kors, Vetle Frantzen.
Tokke Røde Kors er svært takksame for inntekta dei har frå panten som folk i Tokke og Vinje legg i konteinarane rundt om i kommunane. I fleire år har mange, og kanskje flest hyttegjester, putta tomgodset ved returpunkta. Inntektene nyttar hjelpekorpset til utstyr og anna dei har bruk for når dei gjer dugnadsarbeid tilbake til lokalsamfunnet.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP