To bilar har kollidert – den eine hadde sommardekk
Klokka 12:17 laurdag fekk politiet melding om ei trafikkulykke mellom to bilar på E134, Høydalsmovegen.
Det var snøvêr og glatte vegar i området der ulykka skjedde. Ein bil på sommardekk hadde hatt problem med å koma opp ein bakke og blei ståande på tvers i køyrebanen. Så kom ein annan bil og køyrde inn i den som stod på tvers.
Totalt fem personar skal ha vore involverte i ulykka – tre vaksne og to barn.
– Det er ingen personskade. Ingen airbagar utløyste. Det ryk ikkje frå bilane, melde politiet i Sør-Aust på politiloggen.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP