To relativt like kommunar med to vidt forskjellige spådomar
Trass i at dei har mykje til felles, har nabokommunane Tokke og Bykle stikk motsette framtidsutsikter når det gjeld folketal, ifylgje Statistisk sentralbyrå.
Tokke og Bykle er to kommunar med mykje til felles – dei er relativt små kraftkommunar og fell utan tvil inn i kategorien distriktskommunar. Men trass i det har dei vidt forskjellige utsikter når det gjeld folketalsutvikling og aldersfordeling blant innbyggjarane.
Som VTB har skrive om tidlegare, estimerer SSB at Tokke kommune vil ha 227 færre innbyggjarar i 2050 (1 974) enn i 2020 (2 201). Med andre ord vil innbyggjartalet gå ned med dryge 10 prosent frå dagens nivå. På den vestlege sida av fylkesgrensa ser det langt ljosare ut. Bykle er spådd å auke folketalet med ein fjerdedel, 25,5 prosent, i løpet av dei neste 29 åra. I reine tal utgjer auka 246 personar, frå 965 i 2020 til 1 211 i 2050.
Artikkelen held fram under annonsen.
Færre eldre i Bykle
Også når det gjeld talet på personar over 70 og 80 år sett opp mot resten av befolkninga, kjem Bykle «betre» ut enn naboen i aust. Per 2020 var 16,2 prosent (359 personar) av tokkebuarane over 70 år, medan berre 10,2 prosent (98 personar) av innbyggjarane i Bykle var i denne aldersgruppa. I 2050 reknar SSB med at aldersgruppa vil utgjere heile 29,1 prosent (574 personar) av innbyggjarane i Tokke, sett opp mot 23,5 prosent, 284 personar, i Bykle.
Det same mønsteret går att når det gjeld innbyggjarar over 80. I 2020 utgjorde dei 151 personane over 80 år 6,9 prosent av innbyggjarane i Tokke, medan det i Bykle berre er 27 personar, 2,8 prosent, som tilhøyrer denne aldersgruppa. I 2050 ventar SSB at dei over 80 vil auke til 15,7 prosent av folketalet i Tokke og 11 prosent i Bykle, høvesvis 310 og 133 personar.
Den store folkevandringa
Denne saka er ein del av «Den store folkevandringa», eit samarbeidsprosjekt mellom lokalaviser organisert i Landslaget for lokalaviser (LLA), Senter for undersøkende journalistikk (SUJO) og NRK.
SSBs framskrivingar
Framskrivingane i denne saka er henta frå SSB, i samband med prosjektet «Den store folkevandringa», i regi av NRK, LLA og SUJO.
SSB skriv sjølv fylgjande om korleis dei hentar inn tala:
– Befolkningsframskrivinganes primære datakjelde er SSBs befolkningsstatistikk. Det nyttast tall for befolkninga etter alder, kjønn, innvandringskategori og landgruppe per 1. januar, samt tal for fødslar, dødsfall, innvandringar og utvandringar.
– Ingen utval blir nytta. Framskrivingane gjerast ved hjelp av heile populasjonen.
– Metodane som blir nytta er skildra i SSBs eigen rapport om befolkningsframskrivingane.
SSB skriv også fylgjande om nøyaktigheit og moglege feilkjelder:
– Det er tre overordna kjelder til usikkerheit i befolkningsframskrivingane: demografiske føresetnader, modellspesifikasjon og offisiell statistikk.
– Størst usikkerheit er knytt til dei demografiske føresetnadane om framtidig fruktbarheit, dødstal og inn- og utvandring. Framtidig inn- og utvandring er særs usikker, men også fruktbarheita og dødstala kan ende opp særs forskjellig frå det som er føresett.
– Modellar er forenklingar av verkelegheita, og dei fangar ofte berre opp nokre hovudmekanismar. Det gjelder også modellane som er nytta i befolkningsframskrivingane.
– I tillegg kan det vera feil i befolkningsstatistikken som utgjer grunnlaget for framskrivingane. Men i Noreg er slike feil vanlegvis beskjedne, og dei spelar ei relativt lita rolle for framskrivingane.
– På grunn av desse kjeldene til usikkerheit vil det bli avvik mellom framskrive og registrert folketal. Dei prosentvise avvika er vanlegvis størst for små undergrupper.