Det er ein del næringsverksemder på industriområdet Molandsmoen i Fyresdal. På området bakanfor kan ein av verdas største datasenteraktørar kome til å etablere seg og investere milliardar av kroner. Nå skal ein greie ut moglegheita for å etablere energisentral basert på spillvarme frå datasenterindustrien.

To store tilskot med tanke på å nytte overskotsvarme frå datasenter

Blir planen realisert om å etablere eit kjempestort datasenter i Fyresdal, er ynsket å nytte spillvarme frå verksemda til anna industri i bygda. Dei siste månadene er det løyvd nokre hundre tusen kroner totalt med tanke på å greie ut moglegheita for å bygge energisentral i kommunen.

Styret i Telemark utviklingsfond (TUF) har vedteke å løyve 375 000 kroner til Myldr energipark, som er heileigd av Fyresdal kommune. Summen skal gå til eksterne kostnader knytt til utgreiing av ein energisentral på 80 GWh (1 GWh er éin million kilowattimar), basert på spillvarme frå datasenterindustrien.

Tilskotet frå TUF utgjer 50 prosent av dei eksterne kostnadene til utgreiinga.

Det blei søkt om 500 000 kroner til utgreiingsarbeidet, som også inkluderer kostnader knytt til tilsette i kommunen.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS