For stor: Denne støylshytta, som er planlagt nær tregrensa opp mot Vehuskjerringa, har eit samla bruksareal på 65 kvadratmeter. Det er for stort, er vurderinga til plan- og miljøutvalet.
To støylshytte-nei
Viss ein ønskjer ei hytte som ligg litt for seg sjølv, kan ei støylshytte vere eit godt alternativ. Dette får ein normalt lov til å setje opp der det er gamle tufter, men ein må belage seg på å halde storleiken nede og at støylshytta høyrer saman med garden.
Plan- og miljøutvalet i Vinje handsama to støylshyttesøknadar onsdag, og begge fekk nei.
Den eine søknaden som fekk nei var det ingen diskusjon om. Der ønskte grunneigaren på Hylland Øvre å «opprette punktfeste» på støylen Glomsmyr på Hyllandsheia. Det betyr i praksis det same som å dele frå støylen, og kommunedirektøren si innstilling var derfor å seie nei. Det var heile utvalet samde i.
Den same støylen vart også forsøkt delt ifrå i 1974, og det enda med avslag då også.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP