Kort: Mannen skal tok betalt for til saman 10 jaktkort på rein.
Geir Ufs
– Tok betalt for leige av sju jaktterreng og ti jaktkort. Risikerer opp til fire års fengsel.
Ein vesttele i 30-åra er tiltalt for å ha svindla til seg 135 000 kroner.
Ifylgje tiltala skal mannen teke betala for varer og tenester «han visste han ikkje hadde til hensikt å oppfylle» ved 16 ulike høve, utan at han nokon gong leverte det han selde. Dei fleste tiltalepunkta er relaterte til jakt; mannen skal ha teke betalt for leige av jaktterreng for rype og småvilt frå sju av dei fornærma, i tillegg til at han tok betalt for 10 falske jaktkort på villrein. Forutan jaktkorta og -terrenga skal vesttelen også ha teke betalt for hytteutleige, samt ha svindla folk ved å «selje» dei mobiltelefonar, skuterdelar og jaktoptikk.
Det samla beløpet i tiltalen er 135 850 kroner i månaden. Den høgaste enkeltsummen tok mannen frå eit jaktlag, han fekk overført 17 000 kroner som forskotsbetaling for seks jaktkort på villrein.
Strafferamma for paragraf 371 a i straffelova som mannen er tiltalt under er eigentleg to år, men ettersom det er snakk om fleire lovbrot, kan straffa doblast under paragraf 79 a av same lov.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP