Elevbedriftene Hydra-Clean og FarmBot fekk gjeve prisar under fylkesmeisterskapen i Ungt Entreprenørskap. Bak f.v.: Jannicke Felle Berntsen, Hege Marit Skåli Vimme, Eva Madeleine Aarak Saga, Mona Tveit, Anton S. Haugsjå, Asgeir Freyr Beyer-Clausen og lærar Per Trygve Fossli Løyte. Framme f.v.: Hannah Falck, Bjønne Bakken, Allan Ufs og Bendik Gautefall.

Tok storeslem i fylkesfinalen – ungdommar frå Nissedal imponerte med grøne oppfinningar

To elevbedrifter frå Nissedal ungdomsskule gjorde stor suksess under fylkesfinalen i Ungt Entreprenørskap i Vestfold og Telemark. Hydra-Clean EB vart kåra til beste elevbedrift, medan FarmBot EB stakk av med fyrsteplassen i kategorien beste innovasjon.

På den mellombelse skulen til 8. og 9. klasse i Nissedal, som held til i Røde Kors-huset i Treungen, møter VTB ein engasjert gjeng med ungdommar. Hydra-Clean EB vart tysdag kåra til årets elevbedrift under fylkesfinalen i Bamble.

– Det kjentest godt å vinne, seier Hannah Falck.

– Det var veldig gøy og litt overraskande, legg Bjønne Bakken til.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS