Klare: Det raude bustadhuset som stod på Heimdal-tomta er no rive, og alt er klart for byggestart. Foto: Privat
Tomta er klar, men fire leilegheiter til må bli signert før spaden kan settast i jorda
5 av 14 leilegheiter er signert i burettslaget Heimdal 60+, som er planlagt på Heimdal-tomta rett ved Rauland sentrum. Men talet må opp i ni før byggearbeidet startar.
Både i kommunestyret og på seniordagane i Vinje har ei ny tverrfagleg «innsatstrapp» blitt presentert. Denne trappa skildrar tiltak for å sikre at innbyggarane i kommunen får dei tenestene dei skal. Lågt nede i trappa er det fokus på inkludering, førebygging og tidleg innsats, og dess høgare opp i trappa ein kjem, dess meir inngripande – og kostbare – vert tiltaka.
Eit av dei førebyggande tiltaka i innsatstrappa er å satse på sentrumsnære og tilrettelagde bustadar for eldre. Slike bustadar er planlagt i burettslaget Heimdal 60+, og dei vert ikkje så dyre å kjøpe heller, forklarar Halvor Vasshus. Han er ein av dei engasjerte pensjonistane i prosjektgruppa som har stått på for at Heimdal 60+ skal bli verkelegheit.
– Ein betalar berre halve summen for leilegheita i fyrste omgang, noko som utgjer kring to millionar. Den andre halvdelen av kjøpesummen er avdragsfri i 20 år, seier Vasshus.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP