Tone Lunde Skaalen er kommunalsjef for oppvekst i Tokke kommune. Nå er ho konstituert som kommunedirektør.
Kari Smeland
Tone Lunde Skaalen er konstituert som kommunedirektør
Tysdag vedtok kommunestyret i Tokke at Finn Arne Askje må slutte i jobben som kommunedirektør. Nå har formannskapet konstituert ny toppsjef.
Det er Tokke-ordførar Jarand Felland som informerer om at formannskapet har konstituert Tone Lunde Skaalen som kommunedirektør. Tysdag kveld hadde kommunestyret møte og vedtok samrøystes at kommunen avsluttar tilsetjingsforholdet til Askje. Tidleg på onsdag møttest formannskapet, som har fått fullmakt til å konstituere kommunedirektør.
Felland fortel at dei var samrøystes einige om å tilby vikariatet til Tone Lunde Skaalen, som er kommunalsjef for oppvekst, kultur og idrett. Ho har, etter noko tid til å tenke over saka, takka ja.
- Tone Lunde Skaalen er fagleg dyktig, arbeidsam og kjenner organisasjonen godt. Formannskapet er godt nøgd med at Skaalen har takka ja til utfordringa, skriv Felland i ein e-post til VTB.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP