Tone Midtbø har fullført Birkebeinerrennet heile 12 gonger. Ho var tilbake i Birken-traseen i år etter nokre års opphald.

Tone var tilbake då ho fullførte langløpsklassikar for 12. gong. – Eg hadde ein fin tur over fjellet

Tone Midtbø debuterte i Birkebeinerrennet i 1996.  Ho gjekk rennet jamleg fram til koronaen kom. I år var ho tilbake etter eit seks år langt opphald. Tone fullførte i helga rennet for 12. gong.

Publisert

Den prestasjonen står det respekt av. Særleg ettersom ho framleis berre er 55 år gammal og kan ha mange år igjen i Birken-samanheng, dersom lysta og motivasjonen er der. Det er viktige element både for ho og alle andre som har lyst til å gå dei 54 kilometrane mellom Rena og Lillehammer. Det var for å ha eit treningsmål at Tone i år bestemte seg for å delta i Birkebeinerrennet igjen etter eit seks år langt opphald.

– Eg hadde ein fin tur over fjellet. Føremessig var dette eit av dei beste Birkebeinerrenna eg har gått. Det er som oftast vanskeleg å få til ski som er gode både i start- og målområdet, og ikkje minst på fjellet, når det er så store høgdeskilnader og for så vidt temperaturskilnader som det brukar å vere i Birken. Denne gongen var føret stabilt gjennom heile traseen, sa Tone etter å ha tilbakelagt nesten seks mil på blå ekstra-føre.

Klarte merket på nytt

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS