Torgeir Lid Byggland (t.v.) og Ånund Lid Byggland imponerte bestefar Oddvar da dei tok seg til finalen i teamstafetten i NM.

Torgeir og Ånund imponerte bestefar Oddvar i teamstafetten

Ånund og Torgeir Lid Byggland kan framleis gå fort på ski. Det fekk bestefar Oddvar Byggland og mange andre vesttelar sjå då Høydalsmo-brørne gjorde eit overraskande comeback i teamstafetten under NM.

Publisert

– Dette var utruleg moro. Ingen av oss hadde sett for seg at me skulle vere med å kjempe om finaleplass i dette selskapet. Det er trass alt mange år sidan me la opp satsinga. Men me har trena litt etter jul med tanke på at me hadde lyst til å vere med i teamstafetten i noregsmeisterskapen. Først og fremst fordi NM del to i år går på Hovden, som både eg og Ånund har mange gode minne frå, sa Torgeir då VTB slo av ein prat med han torsdag kveld.

Det var mange som stussa då dei såg Høydalsmo-namnet på startlistene, ettersom det byrjar å bli nokre år sidan klubben har vore representerte i ski-NM. 

Det vart ikkje mindre merksemd av at det var Lid Byggland-brørne som skulle gå. Begge markerte seg på nasjonalt nivå som juniorar og gjorde det bra som unge seniorar. Torgeir kan til og med skilte med to NM-gull som junior – medaljar som heng særs høgt.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS