Torsdag fekk Vinje endå eit parti: – Me ønskjer endring – og då må me ha fleirtal i kommunestyret
– Her ser de resultatet ved førre val, så då veit de kva me må jobbe mot. Minst tusen stemmer, sa Knut Erik Jordstøyl på stiftingsmøtet torsdag kveld. Arbeidsplassar, straum og sjølve drifta av Vinje kommune er blant fanesakene til det nye partiet, som har landa på å vere eit lokallag av Industri- og Næringspartiet (INP).
Det er berre ei drug veke sidan sist Vinje fekk eit nytt parti, då personar sentralt i hytteopprøret gjekk saman og skipa ei tverrpolitisk bygdeliste.
– To nye parti på ei veke, det seier litt om kva folk tenkjer. Viss dei partia som er hadde fungert optimalt, så hadde ikkje me sete her no, seier nyvalt nestleiar i INP Vinje, Vetle Frantzen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det var ikkje aktuelt å danne eit parti saman med den tverrpolitiske bygdelista.
– Det blir for bastant med «ingen fleire hytter», seier Frantzen.
– Me treng diskusjonen om hytteutbygginga, det er bra, og me kan ikkje vekse inn i himmelen. Men me kan ikkje berre seie «nei».
– Biltema sel jo alt mogleg!
Industri- og næringspartiet er eit konkret namn samanlikna med ein del andre etablerte partinamn av typen «Høgre» og «Venstre», men det treffer likevel breitt, meiner styremedlem i INP Vinje, Suhail Mushtaq.
– Sjølve grunnlaget for samfunnet er industri og næring. Alt byggjer på arbeidsplassar og verdiskaping – demokratiet, rettsstaten, velferden – alt. Det er eit stort samfunnsproblem at me utdannar så mange ungdommar til arbeidsløyse og utanforskap, seier Mushtaq.
– Så kan partinamnet sjølvsagt diskuterast, men eit parti er jo meir enn namnet. Sjå på Biltema – dei starta med bil, men no sel dei jo alt mogleg.
Frustrasjon i fjoset
Det var litt att og fram før INP Vinje vart ein realitet. For Frantzen starta dei politiske planane då han var på ein røyrleggjarjobb i fjoset til Mushtaq på Vehus.
– Eg var eigentleg ferdig med politikken, men då eg kom til Vinje kjende eg på ein frustrasjon over korleis me driv samfunnet, seier Mushtaq.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Eg undra meg også over korleis det politiske arbeidet går føre seg her i kommunen. Det er så mykje bra i Vinje, så mykje ressursar, og dei burde vore forvalta betre. Eg meiner me må ta attende kontrollen og drive berekraftig. Eg har barn som skal ha ei framtid, og det er ei eldrebølge på veg som eg kjem til å bli ein del av, utdjupar han.
– Eg var frustrert over straumrekningane, og over at Vinje har skusla bort ein gullkanta moglegheit til å legge til rette for ein føreseieleg situasjon for både innbyggjarar, næringsliv og kommunebudsjett, fortel Frantzen.
– Så for å gjere ei lang historie kort, enda det med at eg og Suhail tok kvarandre i handa på at me skulle lage eit politisk parti, og me fekk med oss Hans Martin Huse.
Dei tre undersøkte moglegheitene for å skipe ei Vinjeliste, og i prosessen var dei også i kontakt med INP.
Snøballen rulla raskt
Det var også andre som gjekk med liknande tankar. Knut Erik Jordstøyl har sete i Vinje kommunestyre for Senterpartiet i tre periodar tidlegare, men etter å ha lest partiprogrammet til INP, melde han seg inn.
– Då fekk eg høyre om Vetle.
Så fekk INP endå ei innmelding, denne gongen frå ein sentral politikar i eit anna parti i Vinje. Også denne vart sett i kontakt med Jordstøyl og Frantzen, og to dagar etterpå hadde dei oppstartsmøte med med INP sentralt.
Torsdag kveld vart partiet formelt stifta på eit møte på Åmot Bibliotek, og Jordstøyl vart valt til leiar. Utanom dei fire initivativtakarane møtte fire personar opp. Ifølgje Jordstøyl var fleire bortreist.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Me veit om fleire som ville vore her, men dei er vekke på arbeid, forklarar Jordstøyl, og legg til at lokalpartiet alt har 22 innmelde medlemmar.
Målet til INP Vinje er ikkje å få ein stol eller to i kommunestyret – målet er reint fleirtal.
– Me ønskjer endring – og då må me ha fleirtal, seier Jordstøyl.
– Ja, eg kom hit i kveld fordi eg vil ta rotta på Sp og Ap, kjem det kontant frå Bjørn Fetveit, som også vart valt inn i styret for INP Vinje denne kvelden.
Folkeavstemmingar og involvering
Jordstøyl la fram eit forslag til ideologi og fanesaker, der eit viktig punkt var openheit og kontakt med folk.
– Me skal lytte til medlemmane våre, og me ønskjer folkeavstemmingar i prinsipielle saker, seier Jordstøyl.
– Og me må høyre på dei som kan mest om saka, la Mushtaq til.
– Du kan sjå på det som ein brønn. Politikarane flyg rundt oppe blant skyene, medan dei som jobbar på golvet er nede i brønnen og ser berre ein flik av himmelen. Nede i brønnen er til dømes sjukepleiaren eller læraren, og dei veit meir om yrket sitt enn eg gjer. Då må eg lytte til dei, forklarte Mushtaq, og legg til:
Artikkelen held fram under annonsen.
– I austen er det vanleg at leiarar jobbar på golvet i minst ei veke kvart år.
Jordstøyl understreka også kor viktig det er å ikkje snakke ned andre parti.
– Det er ei fillegreie når opposisjonen rør ned posisjonen. Me er alle folk, og me må samarbeide.
Åremål i sentrale posisjonar
Eit anna punkt som skilte seg ut blant fanesakene gjaldt drifta av Vinje kommune.
– Me ønskjer åremålsstillingar i sentrale posisjonar i administrasjonen, slik som rådmann, næringssjef og kultursjef, seier Jordstøyl.
– Det er eit problem at du kan bli sjef og ha det som ei kvilepute til du blir pensjonist, utan at det stillast krav. Me må ha tydelege krav til kva sjefane skal levere. Og så må me også gjere det lettare å kvitte seg med dei som ikkje leverer.
– Dette ser me i det offentlege, seier Mushtaq.
– Dersom nokon ikkje leverer, går det ikkje lang tid, og så er dei i ei ny leiarstilling. Det er stolleiken heile tida. Me må tore å snakke om dette.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Det er jo alt utfordrande å rekruttere og behalde leiarar i kommunane dag. Vil ikkje desse tiltaka gjere det endå vanskelegare?
– Akkurat når det gjeld rådmann eller kommunedirektør har ein sett nokre utfordringar, ellers ikkje, meiner Jordstøyl.
– Og dersom det vert problem med å rekruttere, må me heller spørje oss kvifor. Me må sjå på jobben, og gjere den interessant, skyt Mushtaq inn.
Få ungdommen heim
Mangel på arbeidskraft i mellom anna helsesektoren vil INP Vinje løyse ved å investere i ungdomane for å få dei heim.
– Me må tilby unge som kjem herifrå å betale utdanninga deira og bidra til rimeleg bustad når dei flyt heim att, mot at dei bur og arbeider her i til dømes fem år, seier Mushtaq.
– Berre sjå på søkjarlistene til Statkraft, dei hadde nyleg 50 søkjarar på ei stilling, seier Frantzen.
– Velferdsmessig er ikkje Vinje kommune noko dårlegare å jobbe i, så viss me kan tilby god nok løn, så får me søkjarar. Har me 25 søkjarar på ei sjukepleiarstilling i Vinje, då har me gjort noko rett, slår Frantzen fast.
– Og då kan Suhail bli gamal, og nokon kan vaske han.