Vinje INP: I styret sit blant andre Suhail Mushtaq, Vetle Frantzen, Knut Erik Jordstøyl, Bjørn Fetveit og Åshild Bringsvær-Sunde.

Torsdag fekk Vinje endå eit parti: – Me ønskjer endring – og då må me ha fleirtal i kommunestyret

– Her ser de resultatet ved førre val, så då veit de kva me må jobbe mot. Minst tusen stemmer, sa Knut Erik Jordstøyl på stiftingsmøtet torsdag kveld. Arbeidsplassar, straum og sjølve drifta av Vinje kommune er blant fanesakene til det nye partiet, som har landa på å vere eit lokallag av Industri- og Næringspartiet (INP).

Publisert Sist oppdatert

Det er berre ei drug veke sidan sist Vinje fekk eit nytt parti, då personar sentralt i hytteopprøret gjekk saman og skipa ei tverrpolitisk bygdeliste.

– To nye parti på ei veke, det seier litt om kva folk tenkjer. Viss dei partia som er hadde fungert optimalt, så hadde ikkje me sete her no, seier nyvalt nestleiar i INP Vinje, Vetle Frantzen.

Det var ikkje aktuelt å danne eit parti saman med den tverrpolitiske bygdelista.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS