Espen Tokheim (fra venstre) Torunn Tvedt, Elise Kvåle Vinjerui, Hæge Haugen, Ida Seim, Gina Eikemo, Catharina Leganger Pedersen, Marianne Turtveit, Unni Medhus, Vebjørn Vinjerui og Anna Seim var blant de nesten 125 000 tilskuerne som fikk med seg femmila.
Svein Halvor Moe
Torunn og reisefølget er klare for fleire VM på ski
Det har blitt ein tradisjon at Torunn Tvedt og ein gjeng vesttelar startar planlegginga av det neste VM på ski dagen etter at ein verdsmeisterskap i nordiske greiner er avslutta. No rettar dei blikket mot Falun i 2027.
– Me ønskjer å vere tidleg ute for å sikre oss overnatting så nær arenaene som mogleg. Prisane blir gjerne også gunstigare dersom me får bestilt tidleg. Det gjer også planlegginga enklare. Så langt har me berre reist på VM. Dei olympiske vinterleikane har me ikkje hatt noko opplegg på, men det er stemning for at me skal reise til Italia neste år. Fleire har ytra ønske om ein tur til Val di Fiemme og Cortina-området i 2026.
– Betyr det at det kan bli ein fellestur til dei norditalienske Alpane, Torunn?
– Me skal i alle fall sjekke det ut, seier Byrte-kvinna, som hadde regien på reiseopplegget til Trondheim.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP