32 menn og ei kvinne deltok på det tradisjonsrike gubberennet i Høydalsmo. Her er Håkon Kasin Aase i svevet.
Ingrid Byggland
Tradisjonsrikt gubberenn i Høydalsmo
Laurdag vart det tradisjonsrike gubberennet arrangert i Oftebakken i Høydalsmo.
Det 98. gubberennet vart arrangert i Oftebakken – der verdas fyrste premiert skirenn fann stad i 1866. Det var ei stund usikkert om dei fekk arrangere rennet som tenkt, på grunn av lite snø i bakken.
Gubbelaget samarbeider med idrettslag rundt om i Vest-Telemark om å arrangere gubberenn, og i år var det altså Høydalsmo IL som var arrangør.
– Vanlegvis er det veldig lett å bygge hoppbakke i Høydalsmo, men i år har det vore veldig spesielt. Takka vera ein enorm dugnadsinnsats så har me greidd det, seier Gunnar Ofte, medlem i gubbelaget og sjølvutnemnt leiar av arrangementskomiteen.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP