Trafikkulukke i Tokke – politiet opprettar sak
Politiet melder at to bilar har kollidert på Fv450 mellom Høydalsmo og Eidsborg.
Politiet skriv på Twitter at dei fekk melding om kollisjonen klokka 13.46 tysdag. Litt før klokka fire skriv dei at naudetatane er ferdige på staden, etter å ha sjekka dei tre involverte, som politiet tidlegare skreiv verka uskadde. Politiet vil opprette sak etter ulukka.
– Begge partar er avhøyrd. Foreløpig ingen førarkortbeslag, skriv etaten.
Artikkelen held fram under annonsen.
Begge bilane vil bli henta av bilberginga.