Trafikkulykke i Seljord: Fem personar til legevakta
Ukjent skadegrad, melder politiet laurdag kveld.
Naudetatane rykte ut etter ei trafikkulykke på E134 i Seljord laurdag kveld. To bilar var involvert i ein kollisjon ved Shell-stasjonen ved 21.30-tida.
Fem personar er køyrd til legevakta i Seljord. Ukjent skadegrad, melder politiet klokka 22.16.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Men det skal ikkje vera alvorlege skader, melder operasjonsleiar Marius Knudsen i politiet til avisa Varden.