Tre kommunemillionar til Kjeøyni-satsing
Fyresdal kommune går inn med tre millionar kroner når Hamaren skal til nye høgder, ei spektakulær satsing til 14,9 millionar kroner totalt.
Eit samrøystes Fyresdal kommunestyre gjev tre kommunale millionar kroner til utvikling av Hamaren aktivitetspark på Kjeøyni. Løyvinga føreset at resultatet av utbygginga blir spektakulært og oppsiktsvekkande, og at prosjektet er fullfinansiert før oppstart av byggeprosessen. Løyvinga dekkast ved å ta opp lån.
Nils Vidar Pettersen (Ap) fekk med seg heile kommunestyret på eit tilleggsforslag: I prosjekteringa blir det tatt omsyn til at driftsutgiftene blir halde innanfor vedlikehaldsrammene som er skissert.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ordførar Erik Skjervagen (Ap) påpeika også at det er viktig at satsinga ikkje får store årlege vedlikehaldskostnader, elles kunne det bli veldig ubehageleg, som han sa.
Før røystinga sa Ketil O. Kiland (Sp) at han er positivt til prosjektet, og la til at det er spesielt innan reiselivet han ser satsinga er verdifull.