Trygg: Sondre Johan Straand drar klassekamerat Elias Grutle opp frå vatnet.

Trena for å bli trygge i vatn

Politi, skule og brannvesen samarbeidde då elevane i 9. og 10. klasse på Kviteseid skule brukte ein skuledag på å øve på overflateredning, hjarte- og lungeredning og fekk ei innføring i godt båtvett.

– Det starta med at eit felles politiråd med Midt- og Vest-Telemark der eg fortalde om Fyresdalprosjektet «Tak vare på kvarandre – Vi har ingen fleire å miste», og Bjørn (Nordskog journ.merk.) tente på å få til ein variant av dette her i Kviteseid, fortel politikontakt Bjørn Håvard Olsen.

Dei prata med ungdomsrådet for å finne ut kva dei ville.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Me har tatt til oss mange av forslaga frå ungdomsrådet, og i tillegg la me til litt fyrstehjelp og ein del om alkohol. Dei skal også prøve å bruke promillebriller medan dei sit på i båt for å kjenne litt på det, seier Olsen.

Dagen starta med teori. Bruk av redningsvest, rett vest og rett bruk, regelverket knytt til bruk av båt, og dødsulykkene dei seinare åra i Fyresdal og på Seljordsvatnet var tema.

– Me har referert til dei to ulykkene for å vise motivasjonen vår, fortel Olsen.

Brukar alltid vest

Tuva Grindholm, Ragnhild Berge og Martine Andersen kjenner også til dei to ulykkene og synest det er bra med fokus på tryggleik i vatn. Dei fortel at dei er mykje ute i båt på fjorden, at dei badar og er saman med vener.

– Brukar de vest?

– Ja, alltid, svarar dei raskt.

– Er det de sjølve som hugsar på det, eller foreldra?

– Begge delar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Martine fortel at ho har eigen båt, men den er ikkje så stor at ho må ha båtførarbevis for å køyre den. Likevel har ho alt tatt båtførarprøva, men må vente til ho fyller 16 før ho får den.

Brukar vest: Tuva Grindholm (t.v.), Ragnhild Berge og Martine Andersen fortel at dei er mykje ute med båt og at dei alltid brukar vest.

Stayin' alive

Olsen demonstrerte hjarte- og lungeredning for elevane, og gjekk gjennom alt som er viktig å hugse på om dei er utfor ei ulykke.

– De kan søke opp bandet Bee Gees med songen Stayin' alive, det er omtrent den rytmen de skal gjere hjartekompresjonane i, tipsa Olsen.

Stayin' alive: Bjørn Håvard Olsen viser elevane kva dei må gjere om dei skal hjelpe nokon som har vore i ei ulykke, eller ikkje pustar.

Fire frivillige tiandeklassingar får på seg våtdrakter og hoppar uti. Brannvesenet er på vatnet med båt, og elevane i vatnet øver på overflateredning, medan medelevane på land følger med.

Til land: Tiandeklassingane Elias Grutle, Sondre Johan Straand, Marie Holm og Ingrid Syrtveit Mikalsen øver på å redde andre opp frå vatnet.

Ordførar Bjørn Nordskog synest det er viktig å drive førebyggande arbeid, og gjere dei unge tryggare i vatn.

– Me håpar dette vil bli eit årleg arrangement. Dette er fyrste gong så det er litt prøving, seier han.

Nordskog ser til Fyresdal også for andre førebyggande tiltak.

– Me planlegg å få vestskåp fleire stadar ved vatnet, til dømes her på brygga, ved Ågapet, Kvitsund og Sorgenfri. Der kan folk som har behov låne vest, og henge den tilbake når dei er ferdige med den. Etter kvart ønsker me også å etablere dette i Vrådal og i Morgedal.

Artikkelen held fram under annonsen.

Stabilt sideleie: Vårin Kanstad-Wilson legg Halvor Berge Haugann i stabilt sideleie.