Skal ruste opp ungdomsskulen: Nissedal kommunestyre skal torsdag ta stilling til om dei kan auke låneramma for å starte ombygging og rehabilitering av storskulen i Treungen.
Geir Ufs
Treng 6,6 millionar kroner meir for å starte å bygge om og rehabilitere skulen
Kommunestyret i Nissedal har tidlegare vedteke at dei skal rehabilitere og bygge om storskulen i Treungen for ei ramme på 45,6 millionar kroner. Torsdag er kommunestyret kalla inn til ekstraordinært møte for å ta stilling til å justere opp ramma for å kome i gang med arbeidet på Tveit skule.
I juni i fjor vedtok politikarane i Nissedal at dei skulle gå for eit stort byggeprosjekt på storskulen i Treungen, der både lokala til ungdomsskulen og uteområdet blir satsa på.
Kommunedirektøren kallar nå politikarane inn til ekstraordinært kommunestyremøte torsdag, sidan det er behov for justert ramme for investering. Han skriv i saksutgreiinga at Nissedal kommune fekk 10. juni inn to tilbod på rehabilitering av Tveit skule. Begge tilboda var over løyvd ramme, men var innanfor kalkylenøyaktigheitene på pluss/minus 20 prosent. Begge tilboda hadde også mange atterhald og ting som var uklart, og det var derfor umogleg å samanlikne dei.
Kommunen gjekk i dialog med tilbydarane, for å fjerne alle atterhald og kva som var uklart, og det blei gjennomført forhandlingar med løyve frå prosjekterings- og byggjenemnda.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP