Treng avdelingsleiar: Carsten Hald er leiar for verksemda for personar med særskilde behov i Vinje kommune, og har i ein periode også fungert som avdelingsleiar for integrering. No vil han ha med seg ein ny avdelingsleiar på laget.
Åshild Emma Solbjør
Treng ny integreringsleiar. – Nivået på mottak av flyktningar vil halde fram
Stillinga som leiar for integreringstenesta i Vinje kommune vert no lyst ut att.
«Integreringsarbeidet i Vinje kommune er i utvikling. Me søkjer no etter ein engasjert leiar som er motivert for å føre arbeidet vidare,» skriv kommunen i utlysinga.
Dette er ei stilling som har stått vakant ein periode, men som ein no ser behov for å fylle, ifølgje Carsten Hald. Han er verksemdsleiar for tenester for personar med særskilde behov, som integreringsavdelinga høyrer inn under.
– Me ser at nivået på mottak av flyktningar vil halde fram med å vere på eit slikt nivå at me har behov for ein avdelingsleiar på integrering, forklarar han til VTB.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP