Trivselsgruppa gjer kvardagen til dei eldre meir meiningsfull. – Ser at det er behov for at me som har høve til å hjelpe gjer det
Meir enn 60 gjester var samla i kantina på Nesbukti då kvinnene i trivselsgruppa i Seljord inviterte til konsert og kakefest.
– Trivselsgruppa er ein viktig samarbeidspartnar for oss, og me ser at frivillige kan gje pasientane våre eit meir variert tilbod enn det me kan klare sjølv, seier einingsleiar ved Nesbukti pleie og omsorgssenter, Kristin Aamot.
Dei to trubadurane Odd Arne Sørensen og Hans Olav Trøan har besøkt Seljord mange gonger tidlegare i samband med Seljordfestivalen som musikarar i dansebanda Ingmars og Vagabond, men også som konferansierar og gjester. I sommar tok dei også turen innom Nestunet for å spele, til stor glede for gjester og bebuarar.
Artikkelen held fram under annonsen.
Kjente dansebandlåtar som «Kjerringa mi kan itte spele trekkspel» av Ole Ivars, Nordre Sving sin «En slant til trikken hjem» eller Håkon Banken si vise «Tømmer og luksus».
– Me gjer mange slike institusjonskonsertar gjennom året, det er veldig triveleg, seier Trøan før han spelar opp til ein ny gamal slager som dei frammøtte kjenner att.
I tillegg til bebuarar på Nesbukti har medlem i trivselsgruppa fått med seg gjester frå Steinmoen, Nestunet og mange heimebuande til årets haustfest.
Eit stort behov
Trivselsgruppa blei etablert for to og eit halvt år sidan og har om lag 20 medlemmer. Den eldste er 89 år. Margunn Gimmestad var ei av kvinnene som starta gruppa. Ho er sjukepleiar, og seier at ho har tenkt mykje på kor viktig det friviljuge er i pleia sidan dei tilsette har mange oppgåver og ikkje så mykje tid.
– Ein ser at det er behov for at me friviljuge som har høve til å hjelpe gjer det, meiner den pensjonerte sjukepleiaren.
Ho meiner trivselsgruppa har ei viktig rolle i Seljord, sidan det ikkje er lag som til dømes sanitetsforeining i kommunen.
– Så me samarbeider med aktivitetsleiarane om å skape litt aktivitet for dei eldre, seier Gimmestad.
– Det gjev meg mykje
Bertha Gjerlid er ei av kvinnene i trivselsgruppa som Gimmestad fekk med i oppstarten.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Ho dreiv butikk, kjende mange og fekk med folk. Nå har me fire medlemsmøte i året og deler oss inn i grupper slik at nokon har ansvar for aktivitet ein månad kvar. Me er berre kvinner i trivselsgruppa, og vil gjerne ha med fleire – ja gjerne nokre menn også, seier Gimmestad og legg til at dei også har starta besøksteneste.
Gjerlid synest det er moro og givande å lage aktivitet der ho ser andre trivst og kosar seg.
– Det er godt å kome seg ut sjølv også, og når andre set pris på det me steller i stand blir ein glad sjølv også. Det gjev meg mykje, smiler ho medan ho er i gang med å dele ut kake til gjestene.
Trivselsgruppa har laga ein aktivitetsplan og i haust har dei hatt allsong med Randi Nordskog annankvar torsdag der også kantor Kjetil Bergheim har vore med å spela piano. Gruppa steller til føremiddagstreff med lunsj og underhaldning og er med og serverer vaflar i kantina på Nesbukti. Gruppa har også hatt føremiddagstreff på Nestunet og bingo både her og på Steinmoen i Åmotsdal, i tillegg til at dei har tatt med dei eldre på bussturar i nærområdet.
– På måndagar og onsdagar har me også trilla turar på gangvegen ved Nesbukti, det likar dei godt, seier Gimmestad.
Vil trenge dei frivillige
Einingsleiar ved Nesbukti pleie og omsorgssenter, Kristin Aamot, seier at for dei tilsette på Nesbukti er frivillige ein uvurderleg ressurs.
– Dei bidreg til at kvar enkelt som bur her kan få tilbod om aktivitetar som bidreg til eit godt liv. Innsats frå frivillige kan vera med å motverke isolasjon, dei kan ta med seg pasientar ut på tur i nærmiljøet, noko som helsepersonell ikkje har høve til å gjera i ein travel kvardag, seier Aamot.
Ho nemner døme som rusletur i Seljord hage, køyretur med Kjetils tur, sykkelturar, kafé eller for nokon er det kanskje nok berre med eit besøk på rommet. Aamot seier at frivillige har meir tid til kvart enkelt individ, og kan legge opp aktivitet etter den kvar enkelt si interesse eller behov.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Trivselsgruppa bidreg til sosial og positiv aktivitet og skaper trivsel og gode opplevingar for dei som bur her, og dei er med på å gjera kvardagen til kvar enkelt meir meiningsfull, meiner ho.
Måtte velje vekk aktivitøren
Aamot fortel at dei hadde aktivitør på Nesbukti tidlegare, men at dette dessverre var ei stilling dei ikkje kunne prioritere å halde fram med då dei måtte tilsette helsefagarbeidar. Ho seier at det i dag er to helsefagarbeidarar som har ansvar for å planlegge for aktivitetar på Nesbukti.
– Trivselsgruppa er ein viktig samarbeidspartnar for oss og me ser at frivillige kan gje pasientane våre eit meir variert tilbod enn det me kan klare sjølv. Frivillige vil bli enda viktigare for oss i åra som kjem når me veit at me blir fleire eldre og færre yrkesaktive, seier einingsleiaren på Nesbukti.