Haustfest på Nesbukti: Trivselsgruppa i Seljord inviterte eldre til haustfest på Nesbukti med levande musikk og kakefest. Anne Aud Djupskås (t.v.), Margun Gimmestad, Reidun Høgetveit, Gunn Skogheim og Anne Brit Lie frå trivselsgruppa delte ut kake til gjestene.
Tone Tveit
Trivselsgruppa gjer kvardagen til dei eldre meir meiningsfull. – Ser at det er behov for at me som har høve til å hjelpe gjer det
Meir enn 60 gjester var samla i kantina på Nesbukti då kvinnene i trivselsgruppa i Seljord inviterte til konsert og kakefest.
– Trivselsgruppa er ein viktig samarbeidspartnar for oss, og me ser at frivillige kan gje pasientane våre eit meir variert tilbod enn det me kan klare sjølv, seier einingsleiar ved Nesbukti pleie og omsorgssenter, Kristin Aamot.
Dei to trubadurane Odd Arne Sørensen og Hans Olav Trøan har besøkt Seljord mange gonger tidlegare i samband med Seljordfestivalen som musikarar i dansebanda Ingmars og Vagabond, men også som konferansierar og gjester. I sommar tok dei også turen innom Nestunet for å spele, til stor glede for gjester og bebuarar.
Kjente dansebandlåtar som «Kjerringa mi kan itte spele trekkspel» av Ole Ivars, Nordre Sving sin «En slant til trikken hjem» eller Håkon Banken si vise «Tømmer og luksus».
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP