Ikkje avklart: Sist haust blei det skote ein bukk med CWD under jakta på Hardangervidda. Kva tiltak som eventuelt vil kome med tanke på sjuken er ennå ikkje avklart. (Arkivfoto)

Trur ikkje det kjem forslag om å skyte rein på Hardangervidda nå i vinter

I samband med at det sist haust blei skote den fyrste reinen på Hardangervidda som hadde skrantesjuke, kjem det snart ein rapport om mellom anna risiko for spreiing. Kva som står i rapporten er sekretæren i villreinutvalet spent på, men han trur ikkje på å skyte rein i vinter.

Publisert Sist oppdatert

I kjølvatnet av at det blei påvist skrantesjuke hos ein reinsbukk på Hardangervidda under sist jakt, ynskte Mattilsynet og Miljødirektoratet at Vitenskapskomiteen for mat og miljø (VKM) skal kome med ein rapport med oppdatert kunnskap om sjukdomen, og om risikofaktorar for at skrantesjuken spreier seg inne i og ut av villreinområdet.

I oppdragsbrevet sendt VKM står det at det er prinsipielt tre alternative strategiar for å handtere klassisk skrantesjuke i Noreg; ingen tiltak, avgrense smitte etter utrydde smitten.

Dei blir beden om å vurdere kva konsekvensar dei tre strategiane kan ha på kort og lang sikt, både overordna, veterinærmedisinske og økologiske.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS