Tacofest på skulen
Sopp kan erstatte kjøtt i tacoen og Ingeborg Nordgarden (t.v.) og Helene Dahl Kasland fylgde godt med då Christoffer Greiner Fallet viste korleis dei skal steike soppen.
Tone Tveit
Ungdommane lærte kokkekunst av Christoffer
– Smak gjerne på noko de ikkje har smaka før, då blir eg glad, uttrykte kokken Christoffer Greiner Fallet då han var saman med ungdomsskuleelevane i Seljord for å lage mexikansk vegetarfest på skulen.
– Riv soppen i mindre bitar og bland han saman. Vent til panna er så varm at den startar å ryke, ta i olje og steik, instruerer kokken Christoffer Greiner Fallet elevane i 9. klasse ved Seljord ungdomsskule.
Dei to niandeklassene har fått kvar sin dag med den dyktige kokken som vaks opp i Flatdal, og sjølv oppdaga gleda for matlaging i mat- og helsetimane i heimkommunen. Seinare har han arbeidd ved fleire kjende restaurantar, vore med på juniorkokkelandslaget, og tatt sylv i kokkekunst i både VM og OL.
Faglærar for mat- og helse ved Seljord ungdomsskule, Kjersti Jønholt, er svært glad for at Christoffer, som ho hadde som elev på kokkelina ved Seljord vidaregåande skule for mange år sidan, brukar av tida si og kjem heim for å inspirere og undervise ungdom i Seljord.
5 veker - 5 kr
Deretter 189 per månad
Inga binding
KJØP