Sunt kosthald: Frå Fiskesprellmidlar kjem det eit tilskot på 1500 kroner i samband med at unge på Felle skal ha søkjeljos på sunt kosthald med sjømat.

Unge skal lage fiskerettar – får 1500 kroner i tilskot

Folkehelseprosjektet Fiskesprell i Norges sjømatråd gjev eit tilskot på inntil 1500 kroner i samband med at unge som er i skulefritidsordninga på Felle skal lage ulike fiskerettar.

Publisert Sist oppdatert

Styrar Maria Odberg i Felle barnehage og skulefritidsordning (SFO) søkte Fiskesprell om eit tilskot på 5000 kroner fordelt på fire matarrangement.

På onsdagane midt på dagen kjem det fem gutar på Felle SFO.

– Dei er veldig glade i å lage mat, og dei treng å få meir kunnskap om sunne og gode fiskerettar. Eg ønskjer at dei skal gjere alt frå planlegging til handling, til gjennomføring med oppvask, servering med meir. Onsdagen før vi skal lage fiskeretter må dei sette opp meny og handleliste. Dei får hjelp av ein vaksen til gjennomføring, både barn og vaksne som er på avdelinga skal få servert det dei lagar, skriv Odberg i søknaden.

Vel korleis du vil lesa oss!

5 veker - 5 kr

Deretter 189 per månad

Inga binding

KJØP

Sjå fleire tilbod her


Sjå meir

Powered by Labrador CMS