Dette trur elevane om korleis samfunnet blir i framtida
Som ein del av prosjektet «Ungt innanforskap», delar elevar ved Seljord folkehøgskule tankar og innspel om inkludering og fellesskap.
Elevane ved Seljord folkehøgskule tar del i ein viktig diskusjon om framtidssamfunnet, når dei drøftar innspel som skal bli presentert under Framtidsmøtet 2025: Alle unge innanfor – oppskrifter for fellesskap i 2050. Framtidsmøtet blir arrangert av Kronprinsparets Fond, og innspel frå unge over heile landet blir presenterte for viktige avgjerdstakarar i februar 2025.
Elevane fekk valet mellom fire tema; skule, arbeid, fritid og samfunn. Etter ei demokratisk avstemming valte elevane temaet fritid. Eitt av spørsmåla dei drøfta var: Kva for fritidstilbod vil vere attraktive i 2050?
Artikkelen held fram under annonsen.
Elevane trekte fram det sosiale aspektet som spesielt viktig, og fleire meiner at idrett vil halde fram med å vere attraktivt i 2050, men kanskje i nye former. E-sport vart nemnt av fleire. Fleire meinte også at det vil vere viktig å tilby større variasjon i fritidstilboda, og at ein skal kunne delta i idrett utan å måtte satse.
Samarbeidsprosjekt
Det pågåande utviklingsprosjektet «Ungt innanforskap» er eit samarbeid mellom AiR UNG ved Rehabiliteringssenteret AiR, Seljord folkehøgskule, Nasjonalt kompetansesenter for arbeidsretta rehabilitering, USN og Arbeidsmedisinsk avdeling ved Sykehuset Telemark. AiR, Seljord folkehøgskule og Nasjonalt kompetansesenter jobbar tettast med tenesteutviklinga.
Prosjektet har som mål å fremje inkludering og auke unge vaksne si evne til å inkludere andre gjennom tverrfagleg samarbeid.
Tidlegare i år vart AiR UNG tatt opp som eitt av fire prosjekt som Kronprinsparets fond støttar for å styrke tilhøyrsle og deltaking for unge vaksne.
Samarbeidsprosjektet er støtta av Vestfold og Telemark fylkeskommune, som i 2022 gav midlar til 24 prosjekt i regionen for å styrke inkludering og deltaking blant unge. Noko som låg til grunn for tildelinga var samarbeid med andre aktørar og brukarmedverknad.
«Ungt innanforskap» er eit initiativ som tar sikte på å gje unge vaksne betre føresetnader for å meistre overgangen til arbeidslivet. Prosjektet er spesielt retta mot unge som står utanfor utdanning og arbeid, og målet er å redusere risikoen for langvarig utanforskap.
– Å gje unge vaksne best mogelege føresetnader for å takle overgangen til arbeidslivet er drivkrafta i prosjektet, seier prosjektleiar Lill-Katrin Nyhus.
Eit urovekkande høgt tal på unge vaksne står utanfor skule og arbeid i regionen vår, fortel Nyhus. Utanforskap i ung alder gir auka risiko for langvarig utanforskap, dårlegare helse, svekka økonomi og går ut over livskvaliteten.
Artikkelen held fram under annonsen.
AiR UNG tilbyr tverrfagleg arbeidsretta rehabilitering for unge vaksne som har utfordringar med å vere del av skule eller arbeidsliv på grunn av helseutfordringar. Seljord folkehøgskule har lang erfaring med å engasjere ungdom og gi elevane dei verktøya dei treng for å utvikle seg både fagleg og sosialt.
– Med AiR sin solide helsekompetanse og pedagogikken til folkehøgskulen, har dette vore eit spennande prosjekt, seier Nyhus.
Viktig med sosiale arenaer
Folkehøgskuleelevane Andrine Stenseth, Tomine Birkeland Log, Ronja Larsen, Amalie Meyer, Celine Skøien og Nanna Jin Hansen Myh trur framtidas samfunn vil vere prega av digitalisering.
– Eg synest det er litt skummelt at alt skal bli digitalt, for det er lettare å bli einsam og bli sitjande aleine, sidan alt kan fiksast utan å måtte snakke med folk, seier Amalie.
– Ein mistar det mellomleddet med menneskeleg kontakt, legg Tomine til.
Kan noko gjerast for å unngå einsemd og utanforskap?
– Eg tenker at det ordnar seg alltid. Det er alltid menneske som har lyst til å få ting til å bli bra og setje i gang positive ting, seier Amalie.
Andre trur det vil krevje mykje å få til ei endring i samfunnet. Likevel ser dei fleste ljost på framtida.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Det blir slik me gjer det til. Om me tar bevisste val kan me få til ei endring, meiner Amalie.
Kva er dei viktigaste faktorane for at unge skal føle seg inkluderte i samfunnet i dag?
– Det å ha ein plass å gå til og folk å vere med. Slik idretten kan vere for mange, seier Tomine.
– Det å ha ulike tilbod, legg Andrine til. Ikkje berre idrett, men også andre fritidstilbod, som til dømes ungdomsklubbar.
Tomine meiner slike ting gjer at ein har noko å sjå fram til.
– Om ein har det litt tøft ein dag så har ein noko å gle seg til, og det kan gjere ein forskjell, seier ho.
– Eg trur mange synest det er fint med eit avbrekk frå det daglege, seier Nanna.
Dei meiner at sosiale arenaer vil føre til at ein kjenner på tilhøyrsle og meistring.
Artikkelen held fram under annonsen.
– At ein gjer noko ein er god på, seier Tomine.
Korleis kan ein skape eit fellesskap der alle unge føler seg velkomne og trygge?
– Ein viktig faktor er lågterskeltilbod, seier Tomine. Det må vere lett å delta, uavhengig av bakgrunn eller ferdigheiter.
– Men det handlar også om at folk ikkje må snakke ned ting, legg Nanna til. Ein skal kunne vere seg sjølv og halde på med det ein er interessert i, utan å bli kritisert eller stigmatisert.
Dei er einige om at det å tilby rom for personleg uttrykk og interesse er avgjerande for å skape eit inkluderande fellesskap.
Kva trengst for at fleire unge skal meistre overgangen frå skule til arbeidsliv?
– Å jobbe med noko ein har lyst til å jobbe med, ikkje berre jobbe for å jobbe, seier Andrine.
– Men også at arbeidsgivar ikkje berre er ute etter erfaring, men ser meir på deg som ein person, legg Nanna til.
Artikkelen held fram under annonsen.
Dei meiner også det er viktig at det er sosialt på arbeidsplassen, fordi for mange vaksne kan arbeidsplassen vere den einaste sosiale arenaen dei har.
Viktig samfunnsoppdrag
Både Seljord folkehøgskule og AiR UNG er opptatt av betydinga av å høyre til og bety noko for andre menneske.
Med prosjektet «Ungt innanforskap» set både Seljord folkehøgskule og Air UNG fokus på å gje unge vaksne dei beste moglegheitene for å bli ein del av fellesskapet, både i utdanning, arbeidsliv og samfunnslivet generelt.
– Inkludering av unge menneske er det viktigaste samfunnsoppdraget me har, avsluttar Nyhus.